Yrkeslabyrinten - Informasjon om yrkesvalg av opplæringskontor i Hordaland

Opplæringskontor etter:   Fag
Anleggsfag og bergfag

Bilfag

Blikkenslager

Tømrerfaget

Byggfag og anleggsfag

Maritime fag

Elektrofag

Fiskerifag

Forsvaret

Frisøryrket

Hotellfag og restaurantfag

Maler og byggtapetserer

IFOS - Metallfagene

IFOS - Trevare, møbel, båt

Murer

Næringsmiddelfag

Olje

Rørlegger

Stillasentreprenør

Takentreprenør

Tekstil og konfeksjon


Opplæringskontor etter:   Sted
Austevoll

Bergen kommunes yrkesoppl.savd

Ytre Hardanger

L2L Opplæringskontoret for Sotra og Øygarden

Opplæringskontoret for fiskerinæringa i Sunnhordland

Yrkeslabyrinten - Forside

TAF tekniske allmenne fag


Bilder
Bilder A Yrkeslabyrinten 2004

Bilder B Yrkeslabyrinten 2004

Bilder Yrkeslabyrinten 2005


Linker

Brev



KVA ER TAF (tekniske allmenne fag) ?

TAF er ei 4-årig utdanning som fører fram til både fagbrev og spesiell studiekompetanse med full fordjuping i matematikk (MR2, tidlegare 3MX) og fysikk 2 (tidlegare 3FY). TAF- helse og sosialfag kar Kjemi 1(tidlegare 2KJ) og Kjemi 2 (tidlegare 3KJ), men ikkje matematikk MR2. Spesiell studiekompetanse gir adgang til dei fleste høgere studium, inkludert NTNU. Fagsamansettinga på TAF-helse- og sosial dekker fagkravet for å koma inn på medisinstudiet.

 

Ungdomane vert rektutterte direkte frå 10. klasse i ungdomsskulen. Dei inngår avtale med ei bedrift om å fullføre løpet fram til fagbrev og studiekompetanse.

 

Knarvik videregåande skule tilbyr i dag TAF innanfor Bygg- og anleggsteknikk (tømrar og betongfag), elektrofag (dataelektronikk), helse-og sosialfag(helsefagarbeidar) og Teknikk og industriell produksjon (industrimekanikar, CNC-operatør/maskinarbeidar og plate- og sveisefaga).

 

Ungdomane vert rekna som elever dei to fyrste åra. Lærekontrakt vert inngått ved starten av det tredje opplæringsåret. Skulen vil ha ansvaret for den praktiske delen.

 

Når eleven/lærlingen er ferdig etter fire år og fagprøve er avlagt, kan bedriftene, etter ynskje, tilby stipendordninger for å motivera til høgare studiar; ingeniørhøgskule eller universitet. Bedriftene kan krevje bindingstid ved tildeling av slikt utdanningsstipend.

 

KORLEIS OG KVEN?

Utdanninga er særs krevjande og søkjarane bør ha eit svært godt teoretisk grunnlag frå ungdomsskulen, spesielt i matematikk og naturfag. Interesserte ungdomar søkjer til TAF på vanleg søknadsskjema i ungdomsskulen.

I tillegg må alle søkje på eige skjema og sende til skulen. Skulen rangerer søkjarane etter poeng. Dei samarbeidande bedriftene fordeler søknadene mellom seg og kaller aktuelle kandidater inn til intervju. Når bedriftene har bestemt seg, seinast i slutten av juni, vert namneliste sendt til inntakskontoret for videregåande skular i fylket og registrert i fellesinntaket. Melding om opptak går ut frå inntakskontoret i fyrste halvdelen av juli.

 

For å opparbeide nok praksis må elevane binda seg til å arbeide i bedriftene på undervisningsfrie dager, t.d. på planleggingsdagar, i haust- og vinerferiane og i fire veker av sommarferiane. Bedriftene dekkjar elevene sine utgifter til lærebøker og anna undervisningsmateriell, samt til arbeidsklede o.l., alle fire åra.

 

Dei fyrste to åra får elevane lærlingeløn for arbeidstida. Dei to siste åra får lærlingane løn heile veka.

 

Meir informasjon kan ein få ved å venda seg til Knarvik vidaregåande skule eller til ei av bedriftene.

Sjå også www.taf.no

 

 

Yrkeslabyrinten www.yrkeslabyrinten.no telefon 900 83 439