YTRE HARDANGER OPPLÆRING
Ytre Hardanger Opplæring er eit fleirfagleg opplæringskontor for bedrifter i Kvam, Jondal og Fusa. Vår oppgåve er å formidle og administrere lærlingar for medlemsbedriftene. Per i dag har vi 28 medlemsbedrifter og ca 20 lærlingar fordelt på desse faga:
Aktivitørfaget, akvakulturfaget, anleggs-maskinførarfaget, barne- og ungdomsarbeidarfaget, bilfaget lette kjøretøy, billakkerarfaget, bilskadefaget, elektrikarfaget, energimontørfaget, IKT-driftsfag, institusjonskokkfaget, maskinarbeidarfaget og omsorgsarbeidarfaget.
Ytre Hardanger Opplæring følgjer lærlingen i heile læretida med informasjon, besøk i bedrifta, planlegging av opplæringa, lærlingesamlingar, hjelp med opplæringsbok, som tredjeperson ved konflikter mm. - frå søkjarprosessen byrjar og til fagprøva er gjennomført og bestått.
Ytre Hardanger Opplæring
Sandvenvegen 40, 5600 Norheimsund
Tel.: 56 55 38 81 / 99 10 35 80
E-post: svanhild(a)yho.no
Internett: www.yho.no